Informasjon
Lokale til store og små arrangement
Parken Kulturhus har moderne lokaler som passar til mange slags arrangement. For næringslivet og offentleg sektor passar lokala godt som kurs- og konferanselokale. For private leigetakarar er lokala godt egna til store og små hendingar som til dømes barnedåp, konfirmasjon, bryllup, minnestund, slektstreff eller jubileum. Lag og organisasjoner nyttar lokala til årsmøter, øvingslokale og til sosiale treffpunkt. Ved bruk av to lydtette foldeveggar kan lokala enkelt tilpassast størrelsen til arrangementet.
Kulturhuset sin kapasitet
Kulturhuset består av tre salar samt eit vrimleareal. SAL 1 er på 112 m2, SAL 2 er på 102 m2 og SAL 3 er på 112 m2. Vrimla er på 61 m2 og ligg nærast SAL 1 ved hovudinngangen. Til saman utgjer det totale arealet på salane 387 m2. I kvar sal kan det dekkast til om lag 80 personar. Ei flyttbar modulscene på om lag 18 m2 med høgd på 30 cm kan nyttast etter behov. Kulturhuset har stort og moderne toalett i gangen utanfor salane.
Kjøkken og dekketøy
Kulturhuset har komplett kjøkken med mange fasilitetar. Her er det oppvaskmaskin, glasvaskemaskin, to komfyrar og to kaffimaskiner med kapasitet på 10 liter kvar. Ved sidan av kjøkkenet er det eit stort lager og eit kjølerom på 12 m2. Huset har komplett dekketøy til om lag 225 personar, og dette er plassert i praktiske skap i nærleik til kjøkkenet. Kvite stoffdukar både til runde og rektangulære bord er tilgjengelig for utleige.
Andre fasilitetar
For borna er det tilrettelagt med fullt utstyrt leikerom m/ hems. Dette utgjer 25 m2. Utanfor SAL 3 er det tilgong til ei overbygd terasse på 60 m2. Kulturhuset disponerer gode parkeringsplassar i eigen innandørs garasje som kan nyttast utanfor arbeidstid. I tillegg er det ein stor parkeringsplass nord for Maritim Park-bygget som kan nyttast av gjestar til kulturhuset.
Sal 1
Inkludert Vrimla
4500,-
Sal 2
3000,-
Sal 3
3000,-
SAL 1-3
8500,-
Sal 1-3
Fredag-Søndag
10.000,-
Dersom kjøkken og dekketøy ikkje vert nytta, vert prisen redusert med kr 500 per sal. | |
Utleige av bord og stolar til eksterne arrangement | |
1 stk rundt bord på 160 cm i diameter | 150,- |
1 stk rektangulært bord (180 cm x 75 cm ) | 100,- |
1 stk stoffstol | 50,- |
Prisreduksjon for medlemmar i Parken kulturhus:
10% avslag på leiga av huset
20% avslag på leige av bord og stolar